Gulatinget
Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Ingen kan sikkert seie når det fyrste Gulatinget vart halde, så langt attende i tida går ikkje den skrivne soga. Men vi veit at Alltinget på Island frå tidleg på 900-talet hadde Gulatinget som førebilete. Frå området frå Lyngør i sør, til nord for det som i dag er Ålesund, kom det sendemenn til tingstaden i Gulen. Gulatingslova galdt òg for fjellbygdene i Valdres og Hallingdal, vestover til Færøyane og Shetland, og ei tid også i Numedal og Telemark (ikkje Grenland).
Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og lova kom til å setje preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Noreg i dag, er framleis tufta på dei gamle gulatingslovene.
Til det årlege Gulatinget møtte kongen, hersar, bønder og deira lovseiemenn. Tinget vart styrt av lagmannen og dei utsende lovseiemennene. Gjennom tingingar vart lovene til. Saker vart førde fram og rettsavgjerder (orskurder) fall. Dei vart vedtekne med våpentak: Ved slag av våpen mot våpen. Slik kan vi tenkje oss at Gulatinget vart halde.
Gulatinget vart halde i Eivindvik i Gulen kommune like sør for munningen av Sognefjorden, til det vart flytt til Bergen mot slutten av 1200-talet. Då var Gulen lengst nord i Hordaland fylke, men i våre dagar er Gulen den sørlegaste kommunen i Sogn og Fjordane fylke.
Tusenårsstaden Gulatinget ligg på Flolid like ved Eivindvik og markerer at Gulatinget vart halde i bygda i lang tid. Det er ikkje funne noko konkret skriftleg eller arkeologisk materiale som kan slå fast kva som grant var tingstaden. I Soga om Håkon Håkonsson heiter det likevel at kongen lét byggje ei kyrkje på Guløy og flytta tinget dit, ved midten av 1200-talet. I Landslova av 1274 står det at «rett tingstad no er i Guløy». Guløy er i dag namn på halvøya som ligg utanfor Flolid.
Av Gulatinget kjem nemninga «Gulating lagmannsrett». Lagmannsretten har hovudsete i Bergen.
Andre tingsete: Frostatinget, Øyratinget, Eidsivatinget og Borgartinget.
Innhaldsliste |
Bruk i dag [endre]
Med utgangspunkt i historia rundt Gulatinget, vart Republikken Gulating oppretta som ein «sjølvstendig stat» 4. juni 2005. Dei som står attom republikken Gulating, hevdar at området under Gulatinget var ei levande statsdanning i 400 år før kong Magnus Lagabøte fekk vedteke ei felles lov for heile det norske kongedømmet i 1274. Landslova er kalla Magnus Lagabøtes landslov.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Gulatinget, Tusenårsstaden i Sogn og Fjordane
- Gulatinget i Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane
- Gulatinget - Tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke og Gulen kommune, levert av Stiftinga Jensbua og Flora Turistkontor
Litteratur [endre]
(Sjå under Gulatingslova)