Gulbrand Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gulbrand Oscar Johan Lunde (190125. oktober 1942) var ein norsk politikar i Nasjonal Samling før og under andre verdskrigen.

Lunde var fødd i Fana ved Bergen. Han verka som direktør ved Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger frå 1929. Han slutta seg tidleg til Nasjonal Samling, då dette partiet vart grunnlagt i 1933.

Han vart 9. april 1940 utnemnd til sosialminister i Quisling si kuppregjering. Frå 25. september 1940 var han som ein av Josef Terboven sine kommisariske statsrådar konstituert statsråd for Kultur og folkeopplysingsdepartementet. Lunde var kulturminister for Kultur- og folkeopplysningsdepartementet i Vidkun Quisling si andre regjering frå 1942 og fram til han døydde same år. Lunde var fødd og oppvaksen i Bergen.

Lunde studerte ved Technische Hochschule i Zürich og ved universitetet i Freiburg. Han tok i 1925 doktorgrad i kjemi i Tyskland. I 1917 vart han tilsett på kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Han var direktør ved Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger frå 1929. Han skreiv ei rad vitskaplege avhandlingar i biokjemi og om vitaminar. Han stod sentralt i utviklinga av norsk hermetikkindustri.

Han markerte seg raskt som ein tilhengjar av Quisling og NS, og var aktiv i valkampen hausten 1933. Han var ein av NS sine fremste talarar og var ein effektiv administrator. I 1934 vart han vald inn som kommunestyrerepresentant i Stavanger. NS fekk åtte representantar i bystyret etter eit av dei beste resultata til NS i val. Frå 1935 var Lunde propagandasjef i NS og forfatta ei rad skrift og publikasjonar. Som kulturminister i det nyoppretta Kulturdepartementet, gjekk Lunde inn for å kontrollera åndslivet i Noreg. Gjennom talar og føredrag trekte Lunde kulturhistoriske liner frå vikingtida fram til si samtid for å underbyggja den nasjonale utviklinga.

Lunde sette i verk ein aktiv statleg kulturpolitikk, og han engasjerte seg mellom anna i rettskrivingsspørsmål. Han stod bak rettskrivinga av 1941.

Natt til 26. oktober 1942 omkom Lunde og kona Marie. Bilen dei sat i tippa i sjøen ved ferjeleiet Våge i Romsdalsfjorden. I ettertid fann ein ikkje ut anna enn at det måtte vera ei ulukke.

Lunde vart gravlagd saman med kona ved Hopperstad stavkyrkje i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Eit minnesmerke som vart reist i Romsdal, vart sprengt av norske motstandsfolk like etter den andre verdskrigen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]