Guldborgsund

Koordinatar: 54°51′N 11°45′E / 54.850°N 11.750°E / 54.850; 11.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

54°51′N 11°45′E / 54.850°N 11.750°E / 54.850; 11.750

Guldborgsund mellom Falster og Lolland.

Guldborgsund eller Guldborg Sund er eit langt og smalt sund i Danmark mellom øyane Lolland og Falster. Det er òg namnet på ein tettstad som ligg ved sundet på Lolland. Guldborgsund Kommune omfattar land på begge sider av sundet.

Fleire bruer krysser sundet. Frederik 9. bru ligg ved Nykøbing Falster og Guldborgsundbrua ved Guldborg i nordenden av sundet. Guldborgsundbrua er ei bogebru bygd i 1934, ho er 180 meter lang og 7 meter brei. Det er òg bygd ein moderne tunnel under sundet, Guldborgstunnelen frå 2007, som E47 til København går gjennom.

I sundet ligg dei to ubebudde Barholmene.

«Guldborgsund» er òg namnet på ein minesveipar som tenestegjorde i den danske marinen frå 1956 til 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]