Gulehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Gulehavet

Gulehavet (kinesisk ) er den nordlege delen av Austkinahavet, som er eit randhav til Stillehavet. Det ligg mellom det kinesiske fastlandet og den koreanske halvøya. Namnet viser til sandstøv frå sandstormar i Gobiørkenen som fargar havoverflata gyllengul ved solnedgang og som kan sjåast om ein siglar eller flyg vestover.

Den inste bukta av Gulehavet heiter Bo Hai. Elvane Huang He og Hai He renn ut i denne bukta.

Gulehavet er eit av fire hav som i norsk har namn etter reine fargar. Dei andre er Kvitsjøen, Raudehavet og Svartehavet.

Fysiografi[endre | endre wikiteksten]

Gulehavet, med Bo Hai, har ei utstrekning på 380 000km². Gjennomsnittleg djupne er 44 meter, største djupne er 152 meter. Havet er ein overfløymd del av kontinentalsokkelen, som vart danna etter siste istida (omkring 10 000 år sidan) då havnivået steig 120 m til dagens nivå.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Dei tidvasspåverka mudderflatene i Gulehavet er svært viktige for vadefuglar på trekk og for strandfuglar. Undersøkingar har vist at området er det aller viktigaste for trekkfuglar på veg mot nord, langs heile den austasiatiske-australasiatiske trekkruta. Minst to millionar fuglar passerer Gulehavet på veg nordover, omtrent halvparten så mange nyttar trekkruta sørover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]