Gullfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gullfjellet
Gulfjellet ragar høgt over Garnes
Gulfjellet ragar høgt over Garnes
Høgd over havet 987 moh
Ligg i/på Bergen og Samnanger (Hordaland)
Primærfaktor 714 m
Koordinatar 60°23′18.73″N 5°35′23.82″EKoordinatar: 60°23′18.73″N 5°35′23.82″E
Redningshytten på Gullfjellet
Frå toppen av Gullfjellstoppen mot vest

Gullfjellet eller Gulfjellet er det høgaste fjellet i Bergen og ligg i Arna bydel og i Samnanger kommune. Den høgaste toppen heiter Gullfjellstoppen og ligg 987 meter over havnivået på grensa mellom Bergen og Samnanger.

Fram til 1950-åra vart området hovudsakleg nytta som beiteområde. Gullfjellet er eit ynda mål for friluftsinteresserte både vinter og sommar, og det vart bygd to redningshytter i fjellet i 1929 og 1935. Den siste av desse vart bygd etter ei ulykke i 1934. Fire skiløparar rende utfor eit stup ved toppen og mista livet. Hyttene ligg sentralt i turterrenget mellom Svartavatnet og Dyrdalstjernet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gullfjellet ligg på kommunegrensa mellom Bergen og Samnanger kommune. I Bergen dekkjer gardane Hausdal, Unneland og Nedre Romslo fjellet.

Gullfjellet består av fleire toppar. Gullfjellstoppen på 987 meter over havet er den høgaste. Lengst nord ligg Gullfjellhalsen (924 moh) og Litlagullfjellet (799 moh). Sørom desse ligg Glamregjelet, som går ned til Svartavatnet, og sør for gjelet ligg Gullfjellstoppen og Ronamanen (890 moh). Blåmanen (891 moh) og Makskiltjørna (766 moh) ligg sør for Gullfjellstoppen. Sør for tjørna ligg toppen som har namnet Gullfjellet på 914 moh. Lengst sør ligg Søre Gullfjellstoppen, som òg vert kalla Sydpolen (962 moh) og Toro (733 moh) og mellom desse ligg Hausdalsgullbotn.

Aust for Gullfjellet ligg fjellet Kofta (921 moh) i Samnanger. I vest ligg Austefjellet (808 moh). I sør grenser Gullfjellet til Brekkedalen, med Sveningen og Sauafjellet på andre sida. Nord for Gullfjellet ligg mellom anna Vossavardane (793 moh).

Vassmagasin[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1907 har Svartavatnet, som ligg ved foten av Gullfjellstoppen, vore nytta som vassmagasin for JanusfabrikkenEspeland. Bergen kommune har overteke vassrettane til det omfattande nedslagsfeltet, og bygde sist på 1980-talet ut vassmagasin, og laga transporttunnelar for vatnet, slik at anlegget no er ein viktig del av den samla vassforsyninga i Bergen. Frå eit inntak ved Svartavatnet vert vatnet ført i tunnel og røyrgater til Osavatn-Espeland med reinseanlegg. Vidare går vatnet i tunnel til Lone-Landås-Fantoft, gjennom røyrleidning til Nattland-Grønnestølslien-Fyllingsdalen (ved Sikthaugen gjennom Gullsteinen og Løvstakken), i tunnel til Tennebekk og gjennom røyrleidning til Lyderhorn. Uttaka ved Espeland, Landås, Fantoft, Landås, Fjøsanger, Fyllingsdalen og Lyderhorn gjev 50 000 menneske drikkevatn av god EU-standard frå ei kjelde på 11 millionar kubikkmeter.

Det er planar om å byggje ei 27 meter høg demning ved Svartavatnet som òg vil omfatte Korlatjørn som kjelde.

Det går vegsamband opp til Svartavatnet som ei forlenging av Gullfjellsvegen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det har vore diskusjon om kva namnet Gulfjellet kjem av, men den beste tolkinga er truleg den som peikar på det skarpe skaret i fjellet, som må ha vore eit landemerke lenge før her kom fast busetnad.

Gullfjellet har gjeve namn til Idrettslaget Gullfjell, som hovudakleg driv skiidrett, og Gullfjellsvegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]