Gulnebboksehakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gulnebboksehakkar

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Tendaba, Gambia, oktober 2008  Foto: Steve Garvie
Bilete frå Tendaba, Gambia, oktober 2008
Foto: Steve Garvie

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Buphagidae
Slekt: Buphagus
Art: B. africanus
Vitskapleg namn
Buphagus africanus

Gulnebboksehakkar, Buphagus africanus, er ein sporvefugl i sin eigen familie, Buphagidae[1]. Dei har habitat på savannen i Afrika sør for Sahara frå Senegal austover til Sudan. Det er minst vanleg i det ekstreme aust av utbreiingsområdet, der han overlappar med raudnebboksehakkar, trass i at dei alltid dominerer over den andre arten når dei beitar saman.

Gulnebboksehakkaren er vel 20 cm lang og har brunleg overside og brunt hovud, gulbrun underside og ein bleik gump. Føtene er sterke. Nebba til vaksne fuglar er gule på basen og raud på tuppen, medan ungfuglar har brune nebb.[2] Flyginga er sterk og direkte. Ropa er ein hissig, sprakande krisss, krisss.

Gulnebboksehakkaren et insekt og flått. Både det norske og det vitskaplege namnet skriv seg frå vanen denne arten har til å sitje på store, ville og tamme pattedyr som kyr. Dei plukkar leddyrparasittar. På ein dag kan ein voksen oksehakkar ta meir enn 100 blodsugande hoer av Boophilus decoloratus-flått eller 13 000 larver.

Likevel er den føretrekte føda blod frå vertsdyret, og medan dei kan få blod frå oppsvulma flott, tar dei òg blod direkte frå dyra, og hakkar på sår. Generelt ser det ut til at pattedyr tolererer oksehakkarar.[3]

Gulnebboksehakkaren hekkar i hòl i tre, fora med dyrehår. Dei legg 2-3 egg. Utanfor hekkesesongen er dei ganske sosiale, og beitar i store, støyande flokkar. Ikkje-hekkande fuglar vil kvile på vertsdyra sine om natta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. doi:10.1016/j.ympev.2006.05.007 (HTML abstract)
  2. Mclachlan, G. R.; Liversidge, R. (1978). «747 Yellow-billed Oxbecker». Roberts Birds of South Africa. Illustrated by Lighton, N. C. K.; Newman, K.; Adams, J.; Gronvöld, H (4th ed.). The Trustees of the John Voelcker Bird Book Fund. s. 534. 
  3. Feare, Chris J. (2003). «Starlings and Mynas». I Christopher Perrins (Ed.). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 530–533. ISBN 1-55297-777-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]