Gunde Svan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Gunde Svan (fødd 12. januar 1962) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Järna församling i Vansbro kommun i Dalarna. Han vann fire gullmedaljar, ein sølvmedalje og ein bronsemedalje i to vinter-OL, samt sju gull, tre sølv og ein bronse i fire ulike verdsmeisterskap på ski.

Svan vann i løpet av 1980-åra verdscupen fem gongar. Han gjekk til topp i 30 enkeltrenn. Mellom 1984 og 1991 vart han 16 gongar svensk meister, fire av SM-gulla kom i stafett for Dala-Järna, alle fire saman med Svenn-Erik Danielsson, medan Erik Östlund og Lars Håland begge var med på to triumfar.

Svan vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1984, året etter fekk han Holmenkollmedaljen.

Frå 2007 til 2009 var Gunde Svan sjef for det svenske landslaget i langrenn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]