Gundestrupkjelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gundestrupkjelen

Gundestrupkjelen (på dansk kalla Gundestrupkarret eller Gundestrupkedlen) er eit kar av sylvplater med bilete i relieff frå om lag år ein som vart funne i 1891 under torvstikking i ei myr, Rævemose, ved Gundestrup aust for Års i Vesthimmerlands Kommune i Nordjylland i Danmark. Karet er no å sjå på Nationalmuseet i København.

Karet er to meter i omkrins, om lag ni kilo tungt, og er sett saman av ei botnplate og til saman tretten sideplater og truleg eit lokk, alle med uthamra og innpunsla figurer. Sidene er doble, sett saman av fem innerplater og sju ytterplater, alle med kvart sitt motiv; ei av dei opphavlege ytterplatene vantar, slik at det opphavleg har vore fjorten plater. Karet har vore lodda saman med sylvblanda tinn, men det hadde vorte skilt frå kvarandre allereie før det vart plassert ute på myra ein eller annan gong rundt byrjinga av vår tidsrekning, og vart soleis funne åtskilt i lause plater.

Plata med den keltiske guden Cernunnos med hjortegeviret.
Plata som truleg syner ofringa av ein krigar.

Botnplata syner ein liggjande okse, truleg eit offerdyr. På ei av sideplatene eller panela er det bilete av ein sittande gud med eit stilisert hjortegevir på hovudet. Med si venstre hand grip han om ein orm med horn, og med den høgre handa held han opp ein typisk keltisk halsring. Kring denne gevirpryda guden, som det er ållmenn semje om å tolke som den keltiske guden Cernunnos, er det avbilda hjortar, ein ulv, ein delfin med ryttar, ei løve og to andre skapningar. Ei anna plate syner ei scene som vanlegvis tolkast som ei seremoni som har å gjere med menneskjeofring. Til venstre for to radar av krigarar, ein med fotfolk og ein med ryttarar, står det ein stor person som held ein av fotfolka i føtene og med hovudet ned over eit stort kar.

Ikkje noko anna liknande kar er funne i Skandinavia. Det er ei uløyst gåte kvar det kjem frå. Ein reknar med at karet ikkje er laga av lokale handverkarar. Motiva ser altså ut til å vere henta frå keltisk mytologi, og somme meiner at karet er laga ein eller annan stad i det dåverande Gallia. Men likskap med arkeologiske funn frå Thrakia i det nordaustre Bulgaria og søraustre Romania kan tyde på at karet stammar frå desse områda, og denne teorien har kan hende størst oppslutnad for tida. I alle høve ser det ut til at det har vore minst fem sylvsmedar som har stått for arbeidet.

Botaniske granskingar på funnstaden har slege fast at det åtskilte karet ikkje har vore senka ned i myra, men plassert på overflata og med tida har vorte overgrodd av myra. Truleg vart karet plassert ute på myra som lekk i eit offerritual. Det var ikkje uvanleg at gjenstandar som i jarnalderen vart ofra i til dømes myr eller sjø vart øydelagt i samband med ofringa, slik fleire myrfunn av offergjenstandar fra desse tidene syner, så det er truleg at Gundestrupkjelen har vorte teke frå kvarande som lekk i ein seremoni som gjekk ut på å ofre det til dei aktuelle maktene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]