Gunn-Rita Dahle Flesjå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunn-Rita Dahle Flesjå i 2012

Gunn-Rita Dahle Flesjå (fødd 10. februar 1973) er ein norsk terrengsyklist. Ho har deltatt i verdscupen i terrengsykling sidan 1995, og har vunne samanlagt heile fire gongar, 2003, 2004, 2005 og 2006. I 2004-sesongen vann ho alle ritt ho stilte opp i, og skaffa idretten sin stor publisitet i Noreg då ho vann OL-gull i Athen. I 2004 vart ho tildelt Aftenpostens Gullmedalje og ho vart kåra til «Årets kvinnelege idrettsutøvar» for 2006 under Idrettsgallaen 2007 i Hamar OL-amfi.

Flesjå kjem frå Bjørheimsbygd i Strand kommune, men er i dag busett i Smeaheia i Sandnes. Ho har utdanning i journalistikk ved Høgskolen i Stavanger, og er gift med trenaren sin, Kenneth Flesjå.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]