Gunn Berit Gjerde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gunn Berit Gjerde (fødd 28. april 1954) er ein norsk politikar for Venstre.

Ho var vararepresentant til Stortinget for Møre og Romsdal i stortingsperioden 2005-2009. Ho møtte fast ein lengre periode, medan Leif Helge Kongshaug var sjuk.

Gunn Berit Gjerde var medlem i kommunestyret i Hareid kommune frå 1987 til 1991. Ho blei vald til ordførar i Hareid ved direkte ordførarval i 1999, og vart attvald for perioden 2003-2007.

I periodane 2003-2007 og 2007-2011 er ho medlem i Fylkestinget og Fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Gunn Berit Gjerde hos Stortinget.no

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.