Gunnar Bovim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunnar Bovim (2013)
Foto: Thor Nielsen/NTNU Kommunikasjon

Gunnar Bovim (fødd 2. februar 1960 i Bergen) er rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Han vart tilsett som rektor 6. desember 2012,[1] og byrja i stillinga 1. august 2013.[2]

Bovim vart utdanna lege i 1985 ved Universitetet i Bergen. Han vidareutdanna seg til spesialist i nevrologi i 1993, og tok doktorgraden i nevrologi same år, ved Universitetet i Trondheim.

I 1998 vart han overlege og professor i nevrologi ved Det medisinske fakultet (NTNU).

Frå 1996 til 1998 var han prodekan, og frå 1999 til 2005 dekan, ved Det medisinske fakultetet (NTNU).

I perioden 2000–2005 var han leiar for tematisk satsingsområde medisinsk teknologi, NTNU. I 2005 vart han tilsett som viseadministrerande direktør og i 2006 som administrerande direktør ved St. Olavs hospital.

I 2009 byrja han som administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF, ei stilling han hadde til han byrja som rektor ved NTNU i 2013.

Bovim har – og har hatt – ei rekkje styreverv, nasjonalt og internasjonalt; blant anna som medlem av Hovedstyret og leiar for Divisjonsstyret for samfunn og helse i Noregs forskingsråd, og som leiar av Norsk nevrologisk forening frå 1998 til 1999. I perioden 2004–2007 var han delegat for Noreg i European Medical Research Council, og frå hausten 2013 er han medlem i styret for Universitets- og høgskolerådet (UHR) og sit i Research Policy Working Group under European University Association (EUA).

Bovim har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og vart i 1993 tildelt forskningsprisen til Norsk Migreneselskap. I 1995 mottok han Dr Ragnar Forbergs stipend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnar Bovim blir ny rektor ved NTNU (pressemelding frå NTNU, 6. desember 2012)
  2. Første dag som rektor ved NTNU (videointervju frå NTNU sine campusar, 1. august 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]