Gunnar Ekelöf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Ekelöf

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. september 1907
Stockholm
Død

16. mars 1968 (60 år)
Sigtuna

Yrke omsetjar, lyrikar, skribent
Språk svensk
Medlem av Svenska Akademien
Gunnar Ekelöf på Commons

Gunnar Ekelöf (15. september 190716. mars 1968) var ein svensk forfattar, omsetjar og medlem av Svenska Akademien (frå 1958).

Ekelöf kom frå Stockholm. Då faren var fondsmeklar og mora frå ein adeleg familie, var Ekelöf velsituert nok til å kunne studera ute i Europa, der han førte eit vilt liv. I børskrakket i 1929 og ettervirkningane av det mista han det meste av midla sine, og det var grunnen til at han eigna seg til diktinga meir yrkesmessig og den første store diktsamlinga kom same år som Kreugerkrakket, 1932.

Han vert sett på som den fyrste surrealisten i Sverige. Under ei vitjing i Frankrike kom Ekelöf i kontakt med strauminga gjennom verk av Stravinskij, Brancusi, og den tidlege Robert Desnos, noko som har sett tydelege spor i det tidlege forfattarskapet.

Gjennombrotet kom i 1941 med diktsamlinga Färjesång og kortprosasamlinga Promenader. I og med desse vert ein ny periode i skrivinga markert, meir intellektuellt og resonerande. Absurdismen i førsta diktsamlinga aukar, og når ein peripeti med Strountes, men gjennomsyrer heile forfattarskapet. Med den merklege En Mölna-elegi viskast genre- och språkgrensene ut på eit postmoderne vis. Den siste fasen av diktinga er under sterk påverknad av orientalisme. Ekelöfs gode ven Olof Lagercrantz skriv i sin biografi at Ekelöf somme tider kom til han midt på natta utkledd på orientalsk vis.

Det er ikkje berre som poet Ekelöf vert hugsa, men kanskje snarare for den livsfilosofi og dei personlege ståstadane som dikta hans uttrykkjer. Dikta er tydleg proklamerande (Jag tror på den ensamma människan), politiske pamflettar (Jag är främmande i detta land), og berre sjeldan sentrallyriske, dei seinare svært angstfylde. Eit fåtal dikt er skrivne som magiske påkallingar (Sång för att döva smärtan), tenkte å gje lesaren ro, eit stilgrep som Ekelöf har henta frå trollformelen, men som er ny i lyrikken.

Ekelöf vert av mange halden for å vera Sveriges viktigaste poet og ein av dei viktigare kulturpersonlegdomane i samtida si. Han er omsett til fleire språk. Olof Lagercrantz sin biografi «Jag bor i en annan värld men du bor ju i samma» (1994) vart mykje omtalt då han kom ut.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • sent på jorden (1932)
  • Fransk surrealism (1933) (omsetjingar)
  • Dedikation (1934)
  • Hundra år modern fransk dikt (1934) (omsetjingar)
  • Sorgen och stjärnan (1936)
  • Köp den blindes sång (1938)
  • Färjesång (1941)
  • Promenader (1941)
  • Non serviam (1945)
  • Utflykter (1947)
  • Om hösten (1951)
  • Strountes (1955)
  • Blandade kort (1957)
  • Opus incertum (1959)
  • En Mölna-elegi (1960)
  • Valfrändskaper (1960) (omsetjingar)
  • En natt i Otocac (1961)
  • Livet i ett svunnet Stockholm (saman med Gunnar Reinius) (1963)
  • Diwán över Fursten av Emgión (1965)
  • Sagan om Fatumeh (1966)
  • Vägvisare till underjorden (1967)

Posthume bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Partitur (1969)
  • Lägga patience (1969)
  • En självbiografi (1971)
  • En röst (1973)
  • Grotesker (1981)
  • Variationer (1986)
  • Drömmen om Indien (1989)