Gunnar Gundersen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Adolf Gundersen (fødd 21. mai 1956 i Åsnes) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore valt inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005.
Gundersen er utdanna økonom frå University of Wisconsin, Madison (1975–1979) med fordjuping i skogbruksøkonomi frå University of California, Berkeley (1981–1982). Han har arbeidd som forskingsassistent ved Institutt for skogøkonomi, NLH, administrerande direktør i Kappa Rena (1993–1997) og dagleg leiar i Åsnes næringshage. Han har også vore styreleiar i Norskog (1990–1994), Losby Bruk og Skogbrand.
Gundersen var leiar i Hedmark Høgre 2004–2006, og medlem av Åsnes kommunestyre 2003–2005.
Han dreiv tidlegare med symjing, har vunne norske og nordiske meisterskap og deltok i dei olympiske leikane 1976.
[endre] Stortingskomitear
- 2009–2013 medlem i Finanskomiteen
- 2005–2009 medlem i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen