Gunnar Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gunnar Larsson (fødd 1. juli 1944) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå grenda Hulån i Järna i Dalarna. Han vann OL-bronsen på 15 km i Grenoble i 1968 og fekk i same olympiaden ein sølvmedalje med Sveriges firemannslag i stafetten over 4x10 km.

Larsson var samnemnd med ein annan, og litt eldre, svensk langrensløpar. For å skilje dei to fekk han tilnamnet Hulån etter heimstaden. Også sonen hans, Mats Larsson, var ein framifrå langrennsløpar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Larsson deltok for Sverige i 1968 i vinter-OL i alle langrennstevlingane. Han opna med åttandeplass på tremila, deretter vann han bronsemedaljen på 15 km, men var over halvminuttet bak olympiameisteren Harald Grønningen frå Noreg og sølvvinnaren, finske [[Eero Mäntyranta. På 4x10 km stafett gjekk Jan Halvarsson, Bjarne Andersson, Gunnar Larsson og Assar Rönnlund det svenske laget inn til sølv, langt bak Noregs suverene kvartett. Til sist vart Larsson nummer seks på femmila.

Larsson var med til ski-VM 1970, men lukkast ikkje og måtte nøye seg med ein 24. plass på 15 km. Under OL i Sapporo vart han nummer fire på opningsdistansen over 30 km, fattige 1,3 sekund bak bronsevinnaren Johannes Harviken frå Noreg. Larsson vart så nummer åtte på 15 km og var med på det svenske stafettlaget som enda på fjerdeplassen i olympiaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar