Gunnar Nordahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Nordahl

Statsborgarskap Sverige
Fødd 19. oktober 1921
Hörnefors
Død

15. september 1995 (73 år)
Alghero

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Høgd 180 centimeter
Gunnar Nordahl på Commons
Gunnar Nordahl i 1948

Nils Gunnar Nordahl (19. oktober 192115. september 1995) var ein svensk fotballspelar frå Hörnefors i Västerbottens län. Han er særleg kjend for si tid i AC Milan mellom 1949 og 1956, der han var med å vinne fire meisterskapsstitlar. Tidlegare vann han fem svenske titlar med IFK Norrköping. I 1948 spela han senterløpar for Sverige landslag som vann OL-gull.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Nordahl starta spele for Hörnefors IF som 16-åring, knapt 19 år gammal gjekk han over til IF Degerfors IF. I 1944 byrja han i den svenske toppklubben IFK Norrköping. Fire av dei fem sesongane i Norrköping vart han toppskårar i Sverige. Han vann fire serietitlar med Norrköping og skåra heile sju mål i ein og same kamp. Fram til hausten 1948 laga han 149 mål på 172 kampar i svensk fotball.

I januar 1949 gjekk Nordahl til AC Milan. Same året fekk også landsmennene Gunnar Gren og Nils Liedholm kontrakt med Milan, og dei tre danna den berømte spisstrioen Gre-No-Li. Gjennom åtte år i AC Milan vart Nordahl toppskårar i Serie A i fem av dei. Nordahl er toppskårar i Milan gjennom alle tider med 210 seriemål på 257 kampar. Med til saman 225 mål på 291 kampar er han den tredje mestskårande i Serie A-historia, einast Silvio Piola og Francesco Totti har fleire mål i den italienske toppdivisjonen. Etter at Nordahl slutta i Milan, spela han to sesongar for AS Roma.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nordahl spela den fyrste landskampen for Sverige i 1945. Under sommar-OL 1948 hjelpte han Sveriges landslag å vinne fotballturneringa, og vart toppskårar i turneringa. Også brørne hans Bertil og Knut Nordahl var med på det svenske gullaget. Etter at han byrja på AC Milan spela han ingen landskampar, då det var forbod mot profesjonelle spelarar på det svenske landslaget. På sine 33 kampar for landslaget skåra han 44 mål.

Han var trenar for mellom andre AS Roma, IFK Norrköping, Östers IF og AIK Stockholm.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympiameister 1948 med Sverige
  • Svensk seriemeister 1945, 1946, 1947 og 1948 med IFK Norrköping
  • Svensk cupmeister 1945 med IFK Norrköping
  • Italiensk seriemeister 1951 og 1955 med AC Milan
  • Vinnar av Coppa Latina 1951 og 1956 med AC Milan

Nordahl døydde i Alghero i Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]