Gunnar Sønsteby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Sønsteby

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1918
Rjukan
Død

10. mai 2012 (94 år)
Oslo

Yrke skribent, motstandskjempar, foredragsholder, forretningsdrivande, SOE agent
Språk norsk, engelsk
Medlem av Oslogjengen, Kompani Linge
Gunnar Sønsteby på Commons

Gunnar Fridtjof Thurmann Sønsteby (11. januar 191810. mai 2012) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen. Frå hausten 1943 til krigen slutta, var han kaptein for Oslogjengen - som lenge har vore omtala som den beste motstandsgruppa i Europa under krigen. Han vart òg tilknytt arbeidet med den illegale avisa «Vi vil oss et land». Han opererte med ymse dekknamn som til dømes Kjakan og Nr. 24, og det var fyrst mot slutten av krigen at Gestapo fekk kjennskap til det eigentlege namnet hans.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Gunnar Sønsteby vart fødd på Rjukan som son av Margit og Gustav Sønsteby. På gymnaset gjekk han i same årskull med mellom anna Knut Haugland, som òg sidan skulle bli motstandsmann. Etter å ha teke eksamen artium i 1937 flytta han til Oslo, der han mellom anna avtente fyrstegongstenesta og studerte sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då tyskarane gjekk til åtak på Noreg i 1940 tok Sønsteby del i kampane på Austlandet. Han følgde dei norske styrkane til Østre Gausdal, men vart send tilbake til Oslo på grunn av lungebetennelse. Seinare same år gjekk Sønsteby inn i motstandsrørsla. Han tok seg òg over til Sverige i 1941 og kom i kontakt med Special Operations Executive (SOE). Same året utførte han ei rekkje kurér- etterretningsoppdrag i Noreg for Den britiske legasjonen i Stockholm.

Sønsteby nytta mange dekknamn og falske legitimasjonskort. På hausten 1942 stod han bak utsmuglinga av trykkplater for pengesetlar frå Noregs Bank, via Stockholm til Nygaardsvoldregjeringa, som heldt til i London. I 1942 vart han òg stasjonert som britisk etteretningsagent i Oslo. Medan han vart stasjonert her, samarbeidde han med organisasjonane 2A og Osvald-gruppa (leidde av kommunisten Asbjørn Sunde).

Sønsteby reiste til Storbritannia via Stockholm sommaren 1943, og gjekk då inn i Kompani Linge. Han heldt fram med det illegale arbeidet sitt då han kom heim att hausten same året. Som leiar for Oslogjengen gjennomførte han ei rekkje sabotasjeaksjonar. Blant aksjonane kan nemnast aksjonen mot Arbeidstenesta sine lokale, då dei hindra innkallinga av norsk ungdom til austfronten, for å slåst mot Sovjetunionen på tysk side. Sønsteby tok òg del i sprengingane av Kongsberg Våpenfabrikk, eit lokomotiv på Skabo Jernbanevognfabrikk i tillegg til oljelageret til Vakuum Pil Co på Sørenga, der 200 000 liter olje vart øydelagt. Etter frigjeringa tenestegjorde Sønsteby som livvakt for kongefamilien 7. juni 1945, saman med mellom andre Max Manus, Kolbein Lauring og Birger Rasmussen.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen reiste Sønsteby til USA, der han mellom anna tok eksamen ved Harvard Business School og arbeidde ved Statens Innkjøpskontor i New York. Han arbeidde òg for Esso i både Panama, New York og Oslo. Han kom tilbake til Noreg hausten 1949. Han vart tilsett ved Saugbrugsforeninga i Halden, som personalsjef frå 1950, salssjef frå 1954 og salsdirektør frå 1958. I 1954 starta han helikopterfirmaet Scancopter saman med Erling Lorentzen (Lorentzen vart òg motstandsmann i Kompani Linge under krigen), seinare Helikopter Service. Då Lorentzen gifta seg med prinsesse Ragnhild i 1953 vart Sønsteby Lorentzen sin forlovar.

Sønsteby vart òg direktør for Oljedivisjonen i Akers mek., men slutta etter to år og starta sitt eige konsulentfirma. Han fungerte òg som konsulent for både Phillips Petroleum, Getty Oil Company Norway og General Manager for Norge. Sjølv etter å ha passert pensjonsalder har han halde fram med konsulent- og lobbyverksemd, i hovudsak vedrørande Forsvaret og krigsveteranane.

Sønsteby heldt etter krigen fleire tusen føredrag om eigne erfaringar frå krigen og har gjeve ut bøker om krigen, blant dei Rapport fra “Nr. 24” (1960). Han var det siste gjenlevande medlemmet av Oslogjengen etter at Birger Rasmussen døydde den 6. desember 2007.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sønsteby vart den høgaste dekorerte borgaren i Noreg, då han i 1946 som fyrste og til no einaste nordmann vart tildelt Krigskrossen med tre sverd. Han vart òg tildelt Deltakermedaljen med rosett og Haakon VIIs 70 års medalje. Forutan denne vart han tildelt Fridomsmedaljen med sølvpalme i 1945 og Ordenen for framifrå tenester i 1946. Han fekk òg H.M. Kongens Erindringsmedalje for livvakttenesta under då kongefamilien vende tilbake.

Sønsteby vart òg tildelt Association of Former Intelligence Officers Freedom Award og vart i 2008 fyrste ikkje-amerikanar som vart tildelt Special Operations Command Medal. For føredragsverksemda si om krigen mottok han American-Scandinavian Cultural Award i 2001 og Forsvarsmedaljen med laurbærgrein i 2004 for verksemda si i Forsvaret. I 2004 vart han og, som første mottakar, tildelt Politiets heiderskross.[1] Sønsteby vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 2006 og er òg tildelt St. Hallvards-medaljen, den høgaste utmerknaden for Oslo kommune. I 2007 heira Polen Sønsteby med Medal Pro Memoria.[2][3] Sønsteby var òg den fyrste som fekk Forsvarets heiderskross i april 2012.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Politiet hedret «Kjakan»», VG, 5. november 2004, s. 80.
  2. VG (29. juni 2007), ««Norske krigsveteraner hedret i Polen»», VG 
  3. NTB (23. august 2007), ««Egge bisatt fra Trefoldighetskirken»», Aftenposten 
  4. Sønsteby tildelt Forsvarets hederskors

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]