Gunnar Sønstevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gunnar Sønstevold (26. november 191218. oktober 1991) var ein norsk komponist frå Elverum og var òg ein kjent jazzpianist i trettiåra. Han var uvanleg mangslungen i uttrykksform og i siste perioden var musikken hans prega av tolvtoneteknikk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sønstevold studerte piano med Nils Larsen og Erling Westher. I 1930-åra utmerka han seg som jazzpianist i gruppa Funny Boys. Under den tyske okkupasjonen var han flykting i Sverige kor han kom i kontakt med det som skulle bli den namnkjende måndagsgruppa. Leiar i gruppa var komponisten Hilding Rosenberg som òg vart Sønstevold sin lærar i komposisjon. Etter krigen kom han tilbake til Noreg og arbeidde med film- og teatermusikk. I 1955 vann han Filmkritikerprisen for filmmusikken til Det brenner i natt. I perioden 19601967 studerte han komposisjon ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien. I 1967 vart han tilsett som musikalsk leiar i NRK. Han har undervist ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han vann Lindemanprisen i 1985.

Gunnar Sønstevold var gift med den svenske komponisten Maj Sønstevold.

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk (utval)[endre | endre wikiteksten]