Gunnekleivfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjordsystemet i Grenland

Gunnekleivfjorden er ein liten fjordarm av Frierfjorden i Porsgrunn kommune i Telemark. Vestsida av fjorden består av den opphavlege halvøya Herøya, med Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg, medan austsida høyrer til Skrapekleiv, ein del av bydelen Herøya i Porsgrunn. Fjorden har ei lengd på om lag 2 km.

Gunnekleivfjorden sitt naturlege innløp er mot nord, der Porsgrunnselva munnar ut i Frierfjorden, men for lystbåttrafikken blei det i 1954 bygd ein kanal sør i fjorden, Herøyakanalen, som gjennom ein tunell munnar ut nedanfor fabrikkanlegga i Frierfjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]