Gunnhild kongsmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnhild kongsmor

Christian Krohg: «Gunnhild på Orknøyane etter ho har mist sønene sine.»
Dronning av Noreg
Periode931 til 933.
Føddca. 910
Dødca. 980
FarGorm den gamle
EktefelleEirik Blodøks
BarnMed Eirik Blodøks:

Gunnhild kongsmor (norrønt Gunnhildr konungamóðir) var ei norsk dronning som var gift med Eirik Blodøks. Kjeldene er usamde om opphavet hennar, den islandske tradisjonen ved Snorre Sturlason seier ho var dottera til Ossur Tote, og difor vert ho også omtala som Gunnhild Ossurdotter (norrønt: Gunnhildr Özurardóttir), medan ho i fylgje norsk/dansk tradisjon skal ha vore dottera til danekongen Gorm den gamle.

Gunnhild hjå Snorre[endre | endre wikiteksten]

«Dronning Gunnhild får dåpen av ein engelsk biskop», teikning av Christian Krogh.

Snorre skildrar Gunnhild i Heimskringla som ven og handlekraftig, men òg som innful. Ho var maktsjuk, grisk, omsynslaus og manipulerande.

Snorre fortel at to av mennene til Eirik møtte henne i Finnmark, der hadde ho slege lag med to finnar for å lære å trolle hjå dei. Ho sette opp karane til Eirik til å drepe trollkarane og reiser så saman med dei til Eirik Blodøks. Slik møter ho Eirik og kort tid etter var dei gifte. Ho vart mor til sønene Harald Gråfell, Gamle, Gudrød og Sigurd Sleva. Etter at Eirik drog bort frå Noreg eggja ho sønene sine til å kjempe mot Håkon den gode, og fekk med seg Håkon jarl mot dei andre småkongane. Ho konspirerte også for å få teke livet av sonen til Tryggve Olavsson og dronning Astrid, han som seinare vart kjend som Olav Tryggvason.

Truleg døydde ho hos dottera Ragnhild på Orknøyane; Ragnhild var gift med jarlen Arnfinn Torfinnson og deretter to av brørne hans. Ágrip fortel derimot at Gunnhild blei teken til fange av Håkon jarl og søkkt i ei myr nær Vejle av mennene til danekongen.

Det er mogleg Snorre har teke seg noko dikterisk fridom i skildringa av Gunnhild. Ho framstår som noko av ein arketyp, og i somme litterære analysar er ho òg handsama slik. Til dømes kan ein tenkje seg at Snorre har henta motivet med jakta på barnet Olav Tryggvason frå Evangeliet etter Matteus, der noko liknande er sagt om kong Herodes den store. Gunnhild lest som ho ville fostre sonen til Tryggve, medan Herodes lest som han ville tilbe den nye kongen. I båe høve var det verkelege siktemålet å få barnet av vegen. Om dette motivet er meir dikta til enn opphavleg historisk sanning, kan det tyde på at Snorre vil understreke eit drag han meinte var til stades i personlegdomen hennar.

Gunnhild i Egilssoga[endre | endre wikiteksten]

Gunnhild er òg med i soga om Egil Skallagrimsson, der ho opptrer i lag med Eirik Blodøks. Som i Heimskringla, fortel Egilssoga at Gunnhild var frå nord. Båe sogene legg vekt på at Gunnhild kunne eggje mannen sin til handling om ho meinte det var naud for det. Etter kvart får Gunnhild mykje mot Egil, og legg opp råd mot han. I denne soga er det òg fortald at Gunnhild dreiv med seid. Denne soga reknar ein med er skriven av Snorre Sturlason.

Opphavet hennar Gunnhild[endre | endre wikiteksten]

Islendingane, for det meste Snorre, går god for at Gunnhild er dotter av Ossur Tote. Forskaren Sigurður Nordal tok Gunnhild i forsvar i ein artikkel frå 1930, der han førte prov for at Gunnhild i røynda var dotter av Gorm den Gamle. Kjeldene for dette var å finne hjå Saxo Grammaticus og Svein Åkeson, men òg i Den eldste Noregshistoria frå 1170. Her står det om Gunnhild at ho var

Ei ill trollkjerring, dotter til danekongen Gorm den tullute og Tyre den kloke.

I ein kommentar til Den eldste Noregshistoria legg Halvdan Koht til:

...alle dei norrøne sogone segjer at ho var ifrå Hålogaland og var uppfostra hjå finnane. Men det er boka her som har rett; det ser ein av at Eirik gav ein av sønene sine namn etter den danske kongen Gorm den gamle. Ho vart til trollkjerring i dei norske segnene, for di ho skulde ha vore so fælt etter Olav Trygveson, og trollskapen meinte dei då ho måtte ha lært hjå finnane

I dag fester dei fleste historikarane meir lit til denne teorien, heller enn til Snorre sin versjon. Etter dei danske kjeldene skal Gunnhild ha døydd i Danmark. Ho vart så greven ned i ei torvmyr. I Danmark trudde folk lenge at ho vart funnen att som myrlik. Dette har sidan synt seg å ikkje vera rett.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Eirikssønene (og kalla Gunnhildssønene), sønene til Eirik og Gunnhild)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Snorre Sturlason – Snorres kongesoger. Det norske Samlaget, Oslo, 1993, 4. utgåve.
  • «Gunhild Kongemor» henta frå Wikipedia på bokmål 7. august 2006.