Gunvor Hofmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunvor Hofmo

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juni 1921
Oslo
Død

17. oktober 1995 (74 år)

Yrke Diktar
Periode 1946-
Rørsle Modernismen
Partnar Astrid Tollefsen
Debut Jeg vil hjem til menneskene

Gunvor Hofmo (30. juni 192117. oktober 1995) var ein norsk lyrikar frå Oslo. Ho blir rekna som ein av dei viktigaste modernistiske lyrikarane her i landet.

Veninna hennar, den jødiske flyktningen Ruth Maier, blei i 1942 deportert og drepen i Auschwitz. Dette var kanskje den enkeltepisoden som i særleg grad skulle føre til at Hofmo seinare fekk store psykiske problem. I perioden 1954–1975 var ho fleire gonger innlagd på Gaustad psykiatriske sjukehus. I dei seinare dikta hennar er lidinga i krigen, sorga over den tapte, skuldkjensla og sjukehustilværet tilbakevendande tema.

I 1947 møtte Hofmo lyrikaren Astrid Tollefsen. Dei to blei etter kvart sambuarar, og var som ope lesbiske kvinner som blei lagde merke til på den tida.

Jan Erik Vold har karakterisert Gunvor Hofmo som ein av dei aller fremste lyrikarane i Noreg, og han gav i 2000 ut ein biografi om henne under namnet Mørkets sangerske. Vold var også redaktør for Hofmo sine Etterlatte dikt og Jeg glemmer ingen. Hofmos psykiske sjukdom har vore omtala i psykiateren Nils Retterstøl si bok Store tanker, urolige sinn.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]