Gunvor Ulstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunvor Ulstein

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1969 (54 år)
Ulstein kommune
Yrke forretningsdrivande
Far Idar Ulstein

Gunvor Ulstein (fødd 11. juni 1969) er ein norsk industrileiar, konsernsjef i Ulstein Group, styreleiar i Ulsmo AS og ei rekke selskap i Ulstein Group, og nestleiar i styret i Ulstein Group. Ho er styremedlem i Hareid Fastlandsamband A/S (Hafast), medlem av SOS Barnebyers Råd og Advisory Board AKP-IMD.

Gunvor Ulstein er dotter av Idar Ulstein (1934-2012). Ho er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole, og har 1. avdeling jus frå Universitetet i Bergen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1993-1994 var ho trainee ved Columbia Shipmanagement på Kypros, arbeidde som marknadsanalytikar 1994-1997, og ved motorfabrikken Ulstein Bergen var ho deretter salssjef (1997-1999). Ho vart tilsett som administrerande direktør for Ulstein Verft i mars 1999, etter at Brynjulv Mugaas gjekk til Fred. Olsen. Broren Tore Ulstein var då teknisk direktør same stad, og dei var begge medeigarar. I 2003 vart ho konsernsjef, ,ei stilling ho hadde fram til 2020. Ho kom tilbake som konsernsjef hausten 2023. Gunvor Ulstein er øvste leiar i dotterselskapet Ulstein Shipping. I tillegg er ho eineeigar og leiar av selskapet Mogul Invest som er medeigar i Ulsmo AS[1], som igjen er største eigar av Ulstein Group.

Av tidlegare verv har ho mellom anna vore nestleiar i styret for NRK 2013-2017,[2] styreleiar i Hafast 2010-2020, medlem i NHH sitt Advisory Board og Nor-Shipping Advisory Board, nestleiar i Rådet i Det Norske Veritas (DNV), medlem av nærings- og handelsministeren sitt Råd for Maritim Utvikling (MARUT), medlem i representantskapet for Norges Bank, styremedlem i Eksportfinans (2003–2007), medlem av hovudstyret i Teknologibedriftenes Landsforening (nå Norsk Industri), nestleiar i styret til NHO Møre og Romsdal, medlem i strategigruppe for Maritim21, i styringsgruppa til GCE Blue Maritime Cluster, i og i Arbeidsinnvandrerutvalget oppnemnd av Solberg-regjeringa.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Gunvor Ulstein har motteke fleire utmerkingar. I 2006 vart ho utnemnd til Årets Forretningskvinne[3] av sjampanjehuset Veuve Clicquot, og i 2008 fekk ho WISTA-prisen[4] som Årets Shippingnamn. I 2011 fekk ho prisen Seatrade Young Person in Shipping.[5] I 2013 mottok ho Tekna sin gullmedalje[6] for «framståande innsats i å skapa nye moglegheiter for norsk teknologi.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ulsmo AS, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 20. september 2013 
  2. Rosbach, Marius (10. juni 2014), «Gunvor Ulstein blir nestleder i NRK-styret», smp.no (på norsk), henta 7. juli 2022 
  3. Årets Forretningskvinne, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 20. september 2013 
  4. WISTA-prisen, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 20. september 2013 
  5. Seatrade Young Person in Shipping, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 20. september 2013 
  6. Tekna sin gullmedalje, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 20. september 2013