Gurbanguly Berdimuhamedow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gurbanguly Berdimuhammedow)
Gurbanguly Berdimuhamedow

Fødd29. juni 1957 (66 år)
Babarap
Statsborgar avTurkmenistan
Partipartilaus (2013)
Yrkepolitikar, tannlege
Utdanna vedTurkmenistans statlige medisinske universitet
FarMýalikguly Berdimuhamedow
EktefelleOgulgerek Berdimuhamedowa
BarnSerdar Berdimuhamedow
Alle verv
  • Turkmenistans statsminister (2007–2022)
  • Vice President of Turkmenistan (2001–2007) Sjå dette på Wikidata

Gurbanguly Mälikgulyýewiç Berdimuhamedow (fødd 29. juni 1957) er ein turkmensk politikar og president i Turkmenistan frå 14. februar 2007 til 19. mars 2022. Før det var han fungerande president sidan 21. desember 2006.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Berdimuhamedow vart fødd i landsbyen Babarap i Asjkhabad-provinsen i den dåverande turkmenske sovjetrepublikken i Sovjetunionen. Han gjekk ut frå odontologisk fakultet ved Det turkmenske statlege medisinske instituttet i 1979, og begynte i 1980 å jobba som tannlege. Frå 1990 til 1995 var han dekanus ved det same odontologiske fakultetet. I 1995 begynte han jobba for helsedepartementet. I 1997 vart han helseminister og i 2001 vart han visestatsminister.[1] Rolla som statsminister vart fylt av presidenten sjølv, Saparmyrat Nyýazow. Då presidenten brått døydde i desember 2006 stod Berdimuhamedow fram som fungerande president. Etter grunnlova skulle leiaren for nasjonalforsamlinga, Öwezgeldi Ataýew, ha tatt over, men han vart i staden arrestert og tiltalt for maktmisbruk og brot på menneskerettane.

Turkmenistan har vore eit svært lukka samfunn under president Nyýazow, som hadde samla all makt på sine eigne hender. Ekspertar var usikre på kven som ville ta over då han brått døydde, og det er klart at det har vore ein skjult maktkamp mellom Nyýazow sine nære medarbeidarar etter at han døydde. Grunnen til at Berdimuhamedow ser ut til å ha gått sigrande ut av denne maktkampen er enno uklar. Det vart heldt presidentval 11. februar 2007, der Berdimuhamedow var ein av seks kandidatar. Valkampen bar preg av at at makteliten ville sørgja for at han vann valet. Til dømes gjekk leiaren for valkommisjonen ut med open stønad til Berdimuhamedow. Etter grunnlova kunne han ikkje stilla som kandidat ved valet fordi han var fungerande president, men nasjonalforsamlinga endra denne lova den 26. desember 2006, samstundes som dei senka aldersgrensa for å vera president frå 50 til 40 år, slik at Berdimuhamedow likevel kunne stilla. Dei offisielle resultata gav Berdimuhamedow 89,2 % av røystene, og han vart svoren inn som president 14. februar 2007.

Den første utanlandsreisa Berdimuhamedow gjorde som president var ei vitjing til Saudi Arabia, der han utførte den muslimske pilegrimsreisa umrah, og møtte kong Abdullah.

Berdimuhamedow vart etterfylgd av son sin, Serdar, mars 2022.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown, B. «Gurbanguly Berdymukhammedov» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 19. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gurbanguly Berdimuhamedow