Guro Sandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guro Sandsdalen
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. desember 1916
Flatdal
Død

13. september 2000 (83 år)

Periode 1972-1987
Debut Dagbok frå ein drabantby

Guro Sandsdalen (fødd 20. desember 1916 i Flatdal, død 13. september 2000)[1] var ein norsk forfattar.

Ho debuterte i 1972 med Dagbok frå ein drabantby.[2] Boka handla om livet i drabantbyen Klyve i Skien kommune, der Sandsdalen budde.[1] Ho fekk seinare gjeve ut to diktsamlingar på Det Norske Samlaget, Saras rike på Ansgar forlag og romanen Asle og Frida på forlaget Ex Libris. I tillegg gav ho sjølv ut eit hefte kalla Juksebøn med sjølvbiografiske «historier frå gamle dagar».

Det vart oppretta eit minnefond etter henne som gjekk til årleg utdeling av Guro Sandsdalens litteraturpris til ein yngre forfattar som arbeidde for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur.[3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 – Dagbok frå ein drabantby
  • 1976 – Saras rike
  • 1978 – Koppebrot – diktsamling
  • 1980 – Krukka i graset – diktsamling
  • 1987 – Asle og Frida – roman
  • ? – Juksebøn

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Sandsdalen, Guro»». telemarksportalen.no. Henta 26. mars 2012. 
  2. Iver Tore Svenning: «Spinkel hverdagslighet» Aftenposten 29. desember 1972, s. 4
  3. ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]