Gursken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gursken er ein fjordarm av Sandsfjorden på sørvestsida av Gurskøya i Sande kommuneSunnmøre. Fjorden er smal, frå 300 m til 1100 m og strekkjer seg 6,5 km søraustover. På det djupaste er han 51 meter.

Fjorden ligg på nordsida av Nupeneset og Nupen. Stort sett heile nordsida, og sørsida i den indre halvdelen, av fjorden er busett med mindre bruk og grender.