Gursken Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gursken IL er eit idrettslag i Gurskebotn i Sande i Møre og Romsdal fylke. Idrettslaget vart skipa i 1972. Kato Myklebust var klubben sin fyrste leiar. Tore Tangen Almestad tok over som formann i idrettslaget etter årsmøtet i 2012. A-laget er eit samarbeidslag med naboklubben Larsnes IL og spelar i fjerde divisjon. Gursken IL har òg fleire lag i aldersbestemte klasser, og har fostret ei rekkje spelarar både til større klubbar i høgare divisjonar og til Tippeligaen. Gursken IL er naboklubb til blant andre Hødd, Bergsøy IL, Tjørvåg IL, Larsnes IL og Gurskøy IL.

Tidlegare spelarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]