Guru Har Krisjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Guru Har Krisjan (7. juli 165630. mars 1664) var den åttande av dei ti sikh-guruane og vart guru den 7. oktober 1661 som etterfølgjar etter far sin, guru Har Rai. Føre guru Har Krisjan døydde, utpeikte han Baba Bakala som den neste sikh-guruen. Det viste seg at dette var gammalonkelen hans guru Teg Bahadur. Det følgjande er ei oppsummering av nokre hovudpunkt i det korte livet åt guru Har Krisjan dji:

  1. Da guru Har Krisjan dji var i Delhi var det ein kopparepidemi der. Det seiest at guru Har Krisjan dji si velsigning gjorde at innsjøen ved Bangla Sáhib verka som kur for tusenvis av menneske.
  2. Gurdvara Bangla Sáhib vart bygd til minne om guru Har Krisjan dji på den staden der han heldt til da han vitja Delhi.
  3. Gurdvara Bala Sáhib vart bygd der guru Har Krisjan dji vart kremert etter at han døydde berre sju år og åtte månader gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lyd[endre | endre wikiteksten]