Gustav Borgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett av Gustav Borgen frå 1915.

Gustav Borgen (10. juni 186516. august 1926) var ein norsk fotograf verksam rundt førre hundreårsskifte.[1]

Borgen var fødd i Kristiania og arbeidde der mellom 1891 og 1922.[2]Ein kjenne lite til dei fyste åra hans som fotograf. I 1891 tok han over atelieret og butikken til den danske fotografen Frederik Klem. Lokala låg i Universitetsgata 6. Seinare flytta han til Karl Johans gate 45, den såkalla Groschgården. Her dreiv han fram til han selde i 1922.

I samlinga etter Borgen finner ein portrett av samtidas prominente personar, som medlemmar av regjeringa, stortingsmenn, generalar, direktørar, forfattarar og kunstnarar, og portrett av borgarlege Kristiania-familiar frå tida rundt førre hundreårsskifte. Samlinga er tilgjengeleg gjennom DigitaltMuseum.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gustav Borgen