Gustav Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Heiberg
Fødd30. august 1856
Nes i Hedmark
Død1. august 1935 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat
Alle verv

Gustav Heiberg (30. august 18561. august 1935) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Nes i Hedmark. Han representerte Venstre.

Heiberg var son til ein gardbrukar og landhandlar. Han var student i 1879 og cand. jur. i 1882. Frå 1883 var han overrettssakførar og seinare høgsterettsadvokat på Hamar. Attåt var han eigar av fleire gardar og skogeigedomar. Årevis var han medlem av bystyret og ei tid ordførar i Hamar. Han var ordførar i representantskapet i den lokale sparebanken og styreformann i Hamar bankkontor. I 1910 vart han medlem av den kongelege matrikkelkommisjonen.

Heiberg representerte krinsen Hamar, Lillehammer og GjøvikStortinget perioden 1892-94. Han var i 1892 medlem av justiskomiteen, 1892-94 av næringskomite nr 1, og frå 23. april 1892 av fullmaktskomiteen. I 1893 var han med i den utvida jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]