Gustav IV Adolf av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustav IV Adolf ved arbeidsbordet

Gustav IV Adolf, (1. november 17787. februar 1837) var konge av Sverige frå 1792 til 1809. Til 1. november 1796 styrde ei formyndarregjering under leiing av Hertug Karl, (den seinare kong Karl XIII av Sverige). Gustav IV Adolf var son av Gustav III og Sofia Magdalena av Danmark. Han var gift den 31. oktober 1797 med Fredrika av Baden.

I 1805 slutta han seg til aliansen mot Napoleon Bonaparte i Napoleonskrigane. Kampane gjekk ikkje godt. I 1807 måtte Sverige rømma ut av Pommern. Sverige måtte òg gje Finland over til Russland. Samstundes var det risiko for eit åtak mot sjølve Sverige av styrkar frå Danmark og Frankrike. Kongen ville ikkje gjera slutt på deltakinga i krigen. For å hindra eit svensk samanbrot fengsla militære kongen og familien hans på Gripsholms slott.

Etter statskuppet abdiserte Gustav friviljug den 29. mars 1809 i von om å få sonen som etterfylgjar. Den 19. mai vedtok den svenske riksdagen, som var dominert av hæren, at heile familien skulle fjernast frå trona. Hertug Karl vart utropa til konge som Karl XIII av Sverige.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]