Gustav Jensen
Gustav Margerth Jensen (13. juli 1845–2. november 1922) var ein norsk stiftsprost, hymnolog, salmediktar og prestelærar. Hanvart fødd i Drammen, men fekk sin første skolegang i Arendal. Han er mest kjend for å ha leia revisjonsarbeidet som resulterte i Landstads reviderte salmebok.
Gustav Jensen tok teologisk embetseksamen i 1868. Ei tid var han folkehøgskolelærar i Skoger før han i 1874 vart kapellan i Vestre Aker, sidan Gamle Aker, Trefoldighetskirken og i 1902 stiftsprost i Kristiania og sokneprest i Vår Frelser menighet.
I 1911 tok han avskil for å kunne bruke all si tid på arbeidet med revisjon av kyrkjesalmeboka, et oppdrag han hadde fått ved kongeleg resolusjon i 1908. I 1915 la han fram sitt Forslag til en revideret Salmebok for den norske kirke, eit framlegg som førte til mykje strid. Jensen døydde i 1922, utan å ha fått oppleve at den reviderte salmeboka var teken i bruk. Den vart først endeleg godkjend i 1924, som Landstads reviderte salmebok.
8 av salmane i Norsk salmebok er skrivne av Gustav Jensen. I tillegg har han omsett 12, blant dei Petter Dass-salmen Herre Gud ditt dyre navn og ære.
Også i Lov Herren Katolsk salmebok er ein av Jensen sine salmar med, i tillegg til 6 av omsetjingane hans.
[endre] Kjelder:
- P.E. Rynning (1954): Salmediktingi i Noreg Det norske Samlaget
- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962
- Utdjupande artikkel om Jensen på NBL, skriven av Bernt Oftestad
|
|
|
|---|---|
| Kingos salmebok (Kingo; 1699)| Guldbergs Salmebog (Guldberg; 1778) | Evangelisk-christelig Psalmebog (1798) | Christianiatillægget (1853) | Landstads kirkesalmebog (Landstad; 1869) | Hauges salmebok (Hauge; 1873) | Nokre Salmar (Blix; 1892) | Landstads reviderte (Jensen; 1924) | Nynorsk salmebok (Støylen, Hognestad og Hovden; 1925) | Salmer 1973 (1973) | Norsk Salmebok (1985) | Salmer 1997 (1997) |