Gustav Kirchhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustav Robert Kirchhoff
Gustav Robert Kirchhoff.jpg
Gustav Kirchhoff
Fødd 12. mars 1824
Königsberg i Kongedømet Preussen
Død 17. oktober 1887 (63 år)
Berlin i Kongedømet Preussen
Bustad Preussen/Det tyske riket
Nasjonalitet Tysk
Område Fysikk
Kjemi
Institusjonar Universitetet i Berlin
Universitetet i Breslau
Universitetet i Heidelberg
Doktorgradsrettleiar Franz Ernst Neumann
Doktorgradsstudentar Max Noether
Ernst Schröder
Kjend for Kirchhoff-lovane
Kirchhoffs varmestrålingslov
Kirchhoffs spektroskopilov
Kirchhoffs termokjemilov
Utmerkingar Rumfordmedaljen

Gustav Robert Kirchhoff (12. mars 182417. oktober 1887) var ein tysk fysikar.

Han var professor ved universitetet i Breslau frå 1850, i Heidelberg frå 1854, i Berlin frå 1875. Kirchhoff var matematisk fysikar og ein av grunnleggjarane av den matematiske eller teoretiske fysikken. Han fann lovane for fordeling av elektrisk straum i forgreina leiarar, Kirchhoff-lovane, og handsama problemet om den elektriske straumen i leiarar som ikkje er sylindriske. Vidare handsama han Fresnels bøyningsteori og gjorde han om til ein eksakt matematisk teori, eit arbeid som vart ført vidare av A. Sommerfeld. Han handsama den mekaniske varmeteorien og varmeleiinga. Saman med R. Bunsen oppdaga han spektralanalysen. Oppdaginga førde han til den kjende lova at utstrålingsevnen og absorpsjonsevnen til stoff for stråling av same slag er proporsjonale, den såkalla Kirchhoffs strålingslov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]