Gustav Martinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gustav Martinsen (5. november 184319. mars 1920) var ein forretnings- og industrimann, politikar Høgre frå Drammen, der faren var handelsmann.

Martinsen arbeidde i faren sin handel i Drammen. I 1870 starta han eiga forretning i heimbyen, som han i 1873 utvida til grossisthandel. Han flytta i 1884 til Kristiania, der han saman med Ole Amundsen grunnla Bjølsen Valsemølle. Frå 1885 var han dagleg leiar for verksemda.

1900-02 var Martinsen varaordførar i Kristiania, frå 1905 var han formann i Noregs Bank sitt forstandarskap. Elles formann i Brukseiernes landsforening, Akerselvens brukseierforening og av Norsk mølleforening.

Martinsen sat to periodar på Stortinget for Høgre frå valkrinsen som omfatta byane Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger; 1901–03 og 1904–06. Han var medlem av budsjettkomiteen 1900-06 og av Lagtinget 1903-06. I 1903 var han med i Stortinget sin deputasjon til opninga av Ofotbanen, og i 1905 var han medlem av spesialkomiteen.

Martinsen vart tildelt [. juni-medaljen.

[endre] Kjelde

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk