Gustav Peter Blom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gustav Peter Blom

Gustav Peter Blom måla av
Hedevig Lund i 1853. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd4. april 1785
Holmsbu i Hurum
Død28. oktober 1869 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiUnionspartiet
YrkeSorenskrivar og amtmann
BarnHans Blom
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
VervStortingsrepresentant frå Drammen 1830–1832, 1833–1835, 1836–1838, 1839–1841, 1842–1844 og 1848–1850
VervAmtmann i Buskerud 1831–1857
Alle verv

Gustav Peter Blom (4. juli 178528. oktober 1869) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Blom var frå Hurum i Buskerud. Han var 3½ år på pastor Forchhammer sitt institutt ved Haderslev i Slesvig for å lære seg språk. Far hans hadde tenkt sonen skulle verte handelsmann, noko denne viste seg lite lysten på. Blom tok i 1807 juridisk eksamen og vart året etter sorenskrivar i Nordre Jarlsberg. År 1826 vart han byfut og byskrivar i Drammen. Deretter var han frå 1831 til 1857 amtmann i Buskerud.

Blom var med i riksforsamlingaEidsvoll 17. mai der han representerte Jarlsberg grevskap. Han høyrde til unionspartiet. Til stortinget vart han vald fyrste gongen i 1830, vidare var han stortingsmann 1833, 1836, på det overordentleg storting 1836-37, 1839, 1842 og 1848. Både i 1830, 1833 og 1836-37 var han formann i næringskomiteen. I 1839, 1842 og 1848 var han formann i næringskomite nr 1. Elles var han i 1830 formann i ein komite om brannvesenet, i 1833 var han formann i matrikkelkomiteen, i 1839 i komiteen om navigasjonslova.

Blom var 1823-38 medlem av hovudmatrikkelkommisjonen, og reiste då landet rundt. Også andre kongelege kommisjonar var han medlem av. Han sat i sølvverkskommisjonen for Kongsberg både i 1833, 1846 og 1853. Andre kommisjonar der han var representert var ein om bergsverkslova i 1837, om handelslova i 1838 og om fattigvesenet i 1843. Han var då på studiereise til Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, Frankrike og England for å sjå på fattigstellet der. Blom var så formann i kommisjonen om skogevesenet 1849-50, og i kommisjonen om sagbruksvesenet 1852.

1852 og 1852-53 var Blom medlem av interimsregjeringa.

Blom var ein aktiv forfattar. Viktigaste arbeidet hans er Bemerkninger paa en reise i Nordlandene 1827 frå 1830. To verk som nådde vidare ut var Das Königreich Norwegen, statisch beschrieben (1843) og Geschichte der Staatsveränderung Norwegens (1858). Det siste arbeidet kom elles på norsk i 1860, i ei større utgåve.

17. mai 1864 var han ein av fire eidsvollsmenn som tok del i feiringa av grunnlova. Han døydde i Drammen og vart gravlagd på Bragernes kyrkjegard.

Blom var far til forfattaren Hans Blom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]