Gustave Eiffel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustave Eiffel

Alexandre Gustave Eiffel (15. desember 183227. desember 1923) var ein fransk ingeniør og entreprenør som spesialiserte seg på metallkonstruksjonar.

Eiffel er mest kjent for Eiffeltårnet i Paris, som blei reist i tidsrommet 18871889 i samband med verdsutstillinga i byen i 1889. Eiffel står òg bak armaturet i Fridomsstatuen i New York og ei rekke bruer. I 1890 teikna han «La Ruche» («Bikuba») i Paris. Huset blei opphavleg reist som ein mellombels struktur i samband med ei utstilling det året, men etter å ha blitt demontert valte ein å reisa det igjen på ein annan stad som billige atelier for kunstnarar.

Eiffel blei innblanda i ein økonomisk skandale i samband med det feilslåtte franske panamakanalprosjektet, og blei i første omgang dømt for dette. Det viste seg at han ikkje hadde hatt noko med den økonomiske sida av prosjektet å gjera, og dommen blei seinare omstøtt.

Ingeniøren døydde heime på Rue Rabelais i Paris, og blei gravlagd på Levallois-Perret-kirkegården i byen.