Gutar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverige på 1100-talet med utbreiinga av ulike folkegrupper. ██ Svear ██ Gøtar ██ Gutar

Gutarane (norrønt gutr) var eit nordgermansk folk som budde på øya Gotland i Austersjøen. Dei var namneslektningar med gøtane gjennom protogermanske Gutaniz. På 700-talet hadde svearane prøvd å ta Gotland med makt fleire gonger, men gutane hadde sigra over dei. Dei valde å søkje fred og handelsavtalar med svearane for å halde dei unna. Det tok ikkje lang tid før dei begynte å betale skatt til svearane sin konge, og dei skal ha vore under svearanes rike mot slutten av 800-talet. Ifølgje Gutasaga skal dette ha vore eit friviljug og fredeleg samarbeid.