Guttorm Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guttorm Berge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1929
Oppland fylke
Død

13. mars 2004 (74 år)
Bærum kommune

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1956, alpine skiing at the 1952 Winter Olympics – men's slalom

Guttorm Berge (19. april 192913. mars 2004) var ein norsk skirennar frå Vardal i Oppland. Han fekk OL-bronsen i slalåm under vinter-OL 1952 i Oslo. Berge representerte Vardal IL og seinare Gjøvik Skiklubb.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Berge var son til bondefolk på garden Melum i Vardal. I olympiaåret 1948 vart han norsk meister i utfor og i kombinasjonen. Sidan reiste han til USA og studerte ved eit college i Vermont, der han trena i lag med nokre av dei beste alpinistane i USA. Både i 1950 og 1951 vann han det såkalla Silver Belt, medan han i 1951 vart USA-meister i slalåm. Under verdsmeisterskapen i alpint i Aspen i delstaten Colorado i 1950 deltok Berge for Noreg og vart nummer åtte og beste nordmann i storslalåm.

Høgdepunktet som aktiv kom under vinterleikane i Oslo i 1952. Berge vann då bronsemedaljen i slalåm, der han sidan vart nummer 13 i storslalåm. To år seinare mislukkast han og køyrde ut i slalåmtevlinga i VM i Åre. Også under vinter-OL 1956 kom han aldri til mål, korkje i slalåm eller storslalåm. Derimot vart han i 1956 noregsmeister i nettopp dei same to disiplinane, åtte år etter han førre gongen vart norsk meister. Han la opp etter å ha vunne NM-gull i storslalåm i 1958.

Berge var busett på Høvik i Bærum, og døydde der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]