Gutulia nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gutulia nasjonalpark
Område Hedmark
Oppretta 1968
Areal 000000000000023.000000000023 km²

Gutulia nasjonalpark er ein nasjonalpark oppretta i 1968 for å ta vare på ein av dei siste urskogane i Noreg. Trea er opptil fleire hundre år gamle og uvanleg store. Furua dominerer skogen.

I 2004 vart nasjonalparken utvida for å inkludere eit våtmarksområde og meir av den frodige skogen i Gutulia. Parken omfattar areal i Engerdal i Hedmark fylke.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne nyttast til reindrift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]