Guvernement i Egypt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Egypt er delt inn i 27 guvernement (arabisk: muhafazah). Guvernementa er dei øvste einingane i den administrative inndelinga av Egypt. Dei blir styrte av guvernørar (muhafez) som blir utnemnde av presidenten av Egypt. Dei fleste guvernementa har ein folketettleik på meir enn 1000 innbyggjarar per kvadratkilometer, men dei tre største guvernementa har ein tettleik på færre enn to innbyggjarar per kvadratkilometer.

Guvernementa Helwan og 6. oktober-guvernementet, blei skilt ut i april 2008. I april 2011 vart desse to guvernementa oppløyst att. Guvernementet Luxor vart skipa i desember 2009 og er med det det nyaste av guvernementa i Egypt.

Guvernementa er delt inn vidare i regionar (markazes).

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Kart over guvernementa i Egypt, medan Helwan og 6. oktober framleis var eigne einingar.
Nr Namn Areal (km²) Innbyggjarar (2006) Hovudstad
1 Alexandria 2 67 4 110 015 Alexandria
2 Aswan 679 1 184 432 Aswan
3 Asyut 25 926 3 441 597 Asyut
4 Al Buhayrah 10 130 4 737 129 Damanhur
5 Bani Suwayf 1 322 2 290 527 Bani Suwayf
6 Al Qahirah (Kairo) 214 7 786 640 Kairo
7 Ad Daqahliyah 3 471 4 985 187 Mansura
8 Dumyat 589 1 092 316 Damietta
9 al-Fayyum 1 827 2 512 792 Fayyum
10 Al Gharbiyah 1 942 4 010 298 Tanta
11 Al Jizah 85 153 6 272 571 Giza
12 Al Isma'iliyah 1 442 942 832 Ismailia
13 Kafr ash Shaykh 3 437 2 618 111 Kafr el-Sheikh
14 Matruh 212 112 322 341 Mersa Matruh
15 al-Minya 32 279 4 179 309 Al-Minya
16 Al Minufiyah 1 532 3 270 404 Shibin al Kawm
17 Al Wadi al Jadid 376 505 187 256 Kharga
18 Shamal Sina' 27 574 339 752 Al 'Arish
19 Bur Sa'id 72 570 768 Port Said
20 Al Qalyubiyah 1 001 4 237 003 Banha
21 Qina 1 851 3 001 494 Qina
22 Al Bahr al Ahmar 203 685 288 233 Hurghada
23 Ash Sharqiyah 4 180 5 340 058 Az Zaqaziq
24 Suhaj 1 547 3 746 377 Suhaj
25 Janub Sina' 33 140 149 335 El-Tor
26 As Suways 17 840 510 935 Suez
27 Luxor 55 451 318 Luxor