Gvardejsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gvardejsk
Гвардейск
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Gvardejsk
Byvåpenet til Gvardejsk


Plassering
Gvardejsk is located in Russland
Gvardejsk is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Først nemnd i
Bystatus
= 1255
1722
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

13 214
Koordinatar 54°39′00″N 21°04′00″EKoordinatar: 54°39′00″N 21°04′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 40159

Gvardejsk (russisk Гварде́йск, tysk Tapiau, litauisk Tepliava, polsk Tapiawa) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Pregolja, rundt 40 km aust for Kaliningrad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale torget i Gvardejsk
Gvardejsk og elva Pregolja

Staden vart første gong nemnt i 1255 som eit fort som høyrte til gammalprøyssarar. Den tyske riddarordenen bygde ei borg der i 1283–90 og ordenen sine arkiver vart oppbevart i borga frå 1469–1722. Tapiau vart ein del av Hertugdømet Preussen i 1525 og Kongeriket Preussen i 1701. Han låg under provinsen Aust-Preussen. Tapiau vart ein del av Tyskland gjennom samlinga av Tyskland i 1871.

I motsetnad til mange andre byar i området slapp Tapiau stort sett uskadd unna den andre verdskrigen. Etter krigen var over i 1945 vart han annektert av Sovjetunionen og namnet vart endra til Gvardejsk i 1946. Den tyske folkesetnaden vart anten evakuert eller utvist og erstatta med russarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.