Gvarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gvarv
Plassering
Gvarv (Telemark)
Gvarv
Gvarv
Sauherad i Telemark
Geografi


Folketal[1] 1 002 (2011)
Folketettleik 691 /km²
Areal[1] 1,45 km²
Koordinatar 59°23′25″N 9°10′37″EKoordinatar: 59°23′25″N 9°10′37″E
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei 36.svg  360
Postnummer 3810 GVARV

Gvarv er ein tettstad i Sauherad kommune i Midt-Telemark. Bygda ligg ved den nordvestre enden av innsjøen Norsjø, om lag 7 km austom .

Sørlandsbanen går gjennom Gvarv og tidlegare stoppa toga på Gvarv stasjon, men no er dei næraste stoppestadane og Nordagutu. Riksveg 36 går gjennom Gvarv og nordvestover til Bø og Seljord medan det er fylkesveg til kommunesenteret Akkerhaugen som ligg om lag 5 km austom Gvarv.

Det solrike og varme klimaet sommarstid gjev gode tilhøve for frukt- og bærdyring som er ein viktig næringsveg i området. Gvarv fruktlager ligg sentralt i bygda.

Namnet Gvarv skal kome av gamalnorskt hvarf (krumming), og skal vise til svingen Bøelva tek der. [2]

Sauherad ungdomsskule og barneskulen Gvarv skule ligg på Gvarv. Det gjer også Sagavoll folkehøgskole.

Området har ei stor stamme av frittlevande bever, og det vert arrangert beversafari for turistar og andre interesserte.

[endre] Kjelder

[endre] Referansar

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
  2. Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7
Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk