Gyanendra av Nepal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gyanendra
Gyanendra 01.jpg
Ekskonge Gyanendra i 2012
Konge av Nepal
Regjeringstid 4. juni 2001-2. juni 2008
Fullt namn ज्ञानेन्द्र वीर विक्रम शाहदेव
Jñānendra Vīra Vikrama Śāhadeva
Fødd 7. juli 1947, Katmandu
Føregjengar Dipendra
Etterfølgjar Girija Prasad Koirala
som fungerande statsoverhovud
etter at monarkiet blei avskaffa
Ektefelle Komal av Nepal
Far Kronprins Mahendra
Mor Kronprinsesse Indra
Born Paras av Nepal
Prerana av Nepal

Gyanendra Bir Bikram Shah Dev (fødd 7. juli 1947) var den siste kongen av Nepal, den 12. kongen i Shah-rekkja. Frå eit statskupp 1. februar 2005 fram til 27. april 2006 var han i praksis militærdiktator. 28. mai 2008 vart han avsett då det nepalske parlamentet røysta for å gjera landet om til ein republikk.

Gyanendra er soneson av kong Tribhuvan, son av kong Mahendra (som var prins då Gyanendra vart fødd), yngre bror av kong Birendra, og onkel til Dipendra som formelt vart erklært konge medan han låg i koma rett før han døydde i 2001. Den eldste sonen til Gyanandra er Paras Shah, som fram til faren vart avsett var kronprins.

Gyanendra kom til makta etter at kong Birendra og familien hans vart massakrerte på slottet i Katmandu. På denne tida var Nepal si regjering i krig med maoistgeriljaen til partiet NKP(m). Då Gyanendra tok over kongemakta, eskalerte denne borgarkrigen. Politikarane i parlamentet vart difor meir og meir kritiske til kongen sine handlingar, og det utvikla seg ein konflikt mellom Gyanendra og dei folkevalde, som til slutt resulterte i at kongen i praksis tok over heile statsmakta då han sette inn si eiga regjering i 2006. Dei fleste parlamentariske partia samla seg då i Sjupartialliansen for demokrati i Nepal. Denne alliansen gjekk til slutt så langt som å alliera seg med maoistane. Etter eit opprør i april 2006 gav han frå seg den diktatoriske statsmakta og lèt sjupartialliansen danna ny regjering.