Gyngehest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To gyngehestar, den eine laga av treplankar, den andre kledd med stoff.

Gyngehest er ein leikehest med boga meiar ein kan gynga på.

Tysk gyngehest, truleg frå 1800-talet eller tidleg 1900-tal.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste omtalane av gyngehest ein kjenner til er frå 1600-talet. Leiketøyet kombinerer vogga, leikehestar med hjul og sete ein pleide trena til dyst med lanse på.

Tidlege gyngehestar var laga av avrunda plankar med eit sete mellom. Dei kunne vera pynta med påmalte kroppar og føter, mønster eller ein scene som sett gjennom beina på hesten. Med tida utvikla ein også dyrare, utskorne og meir naturtru hestar. Den siste forma blei særleg populær i England, medan bruken av plankehesten varte ved i Tyskland.

Toåringen W.L. Mackenzie King på ein gyngehest, ca. 1876.

Forbetring av møbelsnekring og innførsel og utvikling av fleire hesterasar førte på kvar sin måte til fleire og meir forseggjorte gyngehesttypar. Desse hestane kunne vera vanskelege å sitja på, og kunne brukast til tidleg rideøving.

På 1800-talet voks bruken av hestar til transport og fritidsriding, og samtidig auka leiketøysforbruket. Det blei vanleg å avbilda barn på gyngehestar i fotografi, og ein fann ofte leiketøyet i illustrasjonar. Det blei også utvikla nye versjonar av gyngehesten, til dømes ein som stod fast på eit metallstativ og slik ikkje kunne øydelegga golv. Gyngehestmakarar kunne også laga hestar med hjul som ein kunne springa med, tidlege springesyklar.

To barn på ein gyngehest i 1977.

På 1900-talet tapte gyngehesten terreng for leiktetøy som lettare kunne masseproduserast, som vipper med fjøring. Ein fekk også karusellhestar og etterkvart ulike elektriske gyngeapparat, som bilar og tog som gynger automatisk. Gyngehesten blei likevel ikkje gløymd. Ein kan framleis få leika i ulike utformingar, frå enkle plankeformer til handlage utskorne hestar.

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Toy Horses ved vam.ac.uk (V&A Museum of Childhood)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]