Gyrometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brown-gyrometer frå 1880

Eit gyrometer er eit instrument for måling av omlaupssnøggleiken (turtalet) til eit hjul. Ein enkel type er væskegyrometeret. Det består av ein vertikalt stilt røyrforma glasbehaldar fylt med ei væske og montert på ein vertikal hjulakse. Når aksen med behaldaren roterer, blir væska slunge utover og opp langs innsida av glasbehaldaren. Omlaupssnøggleiken kan avlesast ved at ein ser kor mykje væska er sokke i midten i tilhøve til ein skala på glasbehaldaren.

Gradenwitz' væskeanemometer er eit gyrometer som er sett i samband med ein vindmålar for å måle vindstyrke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]