Gysbert Japiks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gysbert Japiks trykk Matthijs Harings.

Gysbert Japiks (16031666) Japicx eller Japix, var ein lærar og frisiskspråkleg forfattar fødd i Boalsert i Nederland. Han vert rekna som grunnleggjaren av nyare frisisk litteratur, og er den store klassikaren innanfor denne litteraturen.

Litterær produksjon[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste diktsamlinga til Japiks, Friessche Tjerne kom ut i 1640, og inneheldt bryllaupsdikt som Japiks hadde foredla i litterær form. Bryllaupsdikt var ein populær sjanger i frisisk folkedikting på 1600-talet. Den andre diktsamlinga, Friesche Rymlerye kom ut i 1668, altså etter Japiks var død. Denne boka var sett saman av tre delar: kjærleiksdikt, moraliserande tekstar og religiøse dikt. Kjærleiksdikta var formelt prega av renessansen, medan dei to andre delane var haldne i ein barokk stil.

Rettskriving[endre | endre wikiteksten]

For å skrive ned dikta, måtte Japiks setje saman ei ny rettskriving, då det frisiske skriftmålet hadde gått ut av bruk på 1500-talet. Japicx valde å normere med utgangspunkt i talemålet i samtida. For å attgi uttalen støtta han seg til det ortografiske systemet som var nytta i nederlandsk, men brukte òg element frå engelsk, mellom anna gjennom teikna «ea» og «oa».

Japiks og målreisinga[endre | endre wikiteksten]

Gysbert Japiks var ein viktig symbolfigur for den frisiske målrørsla på 1800- og 1900-talet. Gjennom han kan òg frisisk vise til litteratur og ei skriftspråkleg utvikling i mellomfrisisk tid. Eit døme var minnefesten til ære for Japiks den 7. juli 1823 i Boalsert. Her var heile den frisiske eliten representert, og under festtalen tala guvernøren frisisk. Det indikerte eit visst haldningsskifte at ein her såg på frisisk som eit viktig minnesmerke og eit interessant studieobjekt. Det var i sin tur med på å leggje tilhøva til rette for frisisk målreising seinare på 1800-talet.

På 1800-talet var det òg ei retning med professor Everwinus Wassenbergh i spissen som ville nytte Japiks-normalen til språknorm. I Japiks hadde frisarane ein diktar som kunne jamstellast med Horats, meinte Wassenbergh. Dei som ville ha ein meir etymologisk skriftnormal basert på gamalfrisisk, til dømes juristen Montanus de Haan Hettema, meinte Japiks representerte eit forfall og ei «forhollânsking» av frisisken.

Gysbert Japiks-prisen[endre | endre wikiteksten]

Provinsstyresmakten i Friesland har sidan 1947 gitt ein litteraturpris i namnet etter Gysbert Japiks, «De Gysbert Japicxpriis». Denne litteraturprisen skal gå til det beste frisiske litterære verket frå perioden mellom kvar prisutgiving.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Breuker, Ph. 1989. It wurk fan Gysbert Japix. (Doktoravhandling.) Ljouwert: Fryske Akademy
  • Terpstra, Piter. 1989. Mjitter fan ús jierren: histoaryske roman oer Gysbert Japiks. Drachten: Friese Pers Boekerij.