Gytje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg gytje i zoologi.

Gytje er eit finkorna sediment med høgt organisk innhald. Sedimentet vert avsett i innsjøar og rolege havbukter. Materialet har som regel passert tarmkanalen hos lågare organismar som lever i vatnet eller botnslammet. Våt gytje er gulgrå, grøn grå eller stundom brun, og ofte illeluktande med nesten geléaktig konsistens. Når gytje tørkar dannar han ofte fast samanhengande nesten hornaktige lag med mørkegrå eller mørkebrun farge.

Gytje inneheld svovel og er ofte rik på kalsiumkarbonat, de organiske bestanddelane utgjer 5–35 %.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]