Hárbarðsljóð

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hárbarðsljóð, norsk Hårbardsljod, er eit eddadikt som skildrar ei trette mellom Tor og ein ferjemann.

Tor er på heimveg og kjem til eit sund der ein ferjemann står på den andre sida. Tor ropar og ber ferjemannen å ferja seg over sundet. Ferjemannen, som heiter Hårbard, nektar og sidan byrjar ei trette mellom dei. Tor rosar seg av storverka sine men Hårbard fornærmar han og skildrar sine eigne.

Þórr kvað:
«Ek var austr
ok jötna barðak
brúðir bölvísar,
er til bjargs gengu;
mikil myndi ætt jötna,
ef allir lifði
vætr myndi manna
undir Miðgarði.
Hvat vanntu þá meðan, Hárbarðr?»
Hárbarðr kvað:
«Var ek á Vallandi
ok vígum fylgdak,
atta ek jöfrum,
en aldri sættak;
Óðinn á jarla,
þá er í val falla,
en Þórr á þrælakyn.»
Tor kvad:
«Eg var aust
i Jotunheimen,
drap illkynde gygrar
som gjekk i berg.
Stor vart jotun-ætt;
fekk alle leva,
då munde 'kje mann
i Midgard vera.
Kva dreiv du med då, du Hårbard?»
Hårbard kvad:
«Var eg i Valland
og vigferd fylgde,
eggja upp hermenn,
men aldri dei samde.
Odin eig jarlar,
som jarn feller,
men Tor eig træleslaget.»

Til slutt gir Tor opp og tek ein omveg.

Diktet er dunkelt og ferjemannen er gåtefull. Dei fleste forskarar trur at det er Odin som skjuler seg bak ferjemannen si maske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]