Hällnäs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 64°18′27.461″N 19°37′14.606″E Hällnäs er ein svensk tettstad i Vindelns kommun i Västerbottens län i landskapet Västerbotten. I 2005 hadde tettstaden 309 innbyggjarar.

Lokaltoget Norrskenan Luleå-Boden-Vännäs-Umeå har sidan 2006 stoppet ved Hällnäs stasjon. På banen Storuman-Hällnäs har det ikkje vore passasjertrafikk sidan 1995, då sambandn Lycksele-Hällnäs blei lagt ned av Länstrafiken i Västerbotten. Mellom 1995 og 2006 stoppa ingen persontog i Hällnäs.

Sanatoriet[endre | endre wikiteksten]

Hällnäs sanatorium-20080803.jpg

Hällnäs er mest kjend for det store sanatoriet som ligg like utanfor tettstaden. Hällnäs sanatorium er tidstypisk i stilen, og var det største anlegget i Sverige då det blei opna i 1926 med plass for 208 pasientar. Sanatoriet blei seinare bygd ut i fleire etappar, før det i 1948 hadde 340 plassar. Sanatoriet hadde eige vasskraftverk, vasstårn, skule, røntgenavdeling, operasjonssal og bakeri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]