Härjedalens kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Härjedalens kommun
Härjedalen vapen.svg
Kommunevåpenet til Härjedalens kommun
Len Jämtlands län
Landskap Härjedalen, Hälsingland og Dalarna
Centralort Sveg
Areal 11 935 km²
 – Landareal 11 364 km²
 – Vassareal 571 km²
Folketal 10 645
Folketettleik 0,94/km²
Kommunenummer 2361
Nettside www.herjedalen.se
Kart
Härjedalen Municipality in Jämtland County.png

Härjedalens kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor lenet til Bergs kommun i nord. Vidare grensar han til Ånge kommun i Västernorrlands län i nordaust, Ljusdals kommun i Gävleborgs län i aust, dei tre kommunane Orsa, Mora og Älvdalen i Dalarnas län i sør, og kommunane Røros og Engerdal i Noreg i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Sveg.

Kommunen er i hovudsak samanfallande med landskapet Härjedalen, men strekkjer seg ikkje så langt nord som landskapet, men derimot lenger mot aust. Storparten av folkesetnaden driv jord- og skogbruk. Gardane er små og vesentleg baserte på husdyrhald, og seterdrift har vore vanleg. Turismen er også viktig, med turiststader som Funäsdalen, Ljungdalen, Tänndalen, Lofsdalen og Vemdalen. Det er også noko industri, mellom anna maskinindustri.

Högvålen på 830 moh., som er den høgastliggjande grenda i Sverige, ligg i kommunen.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Härjedalens kommun er ein av to svenske kommunar som har namn etter eit landskap. Til skilnad frå Gotland/Gotlands kommun er dei altså ikkje heilt samanfallande. Kommunen vart oppretta i 1974 gjennom samanslåing av Hede landskommun, Hogdals landskommun, Lillhärdals landskommun, Tännäs landskommun og Svegs kommun (köping fram til 1971).

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvfarga bakgrunn ei svart sleggje med raudt skaft sett ovanfrå, til høgre ei svart smedtong, og til venstre to loddrett oppstilte svarte smedhamrar med raude skaft, den øvste opp-ned.[1]

Härjedalens kommun har eigentleg ikkje eige våpen, men brukar landskapsvåpenet til Härjedalen. Ettersom det våpenet som vert brukt av kommunen er identisk med landskapsvåpenet har ein ikkje kunne registrere det for kommunen hjå Patent- och registreringsverket.

Både Svegs köping og Tännäs landskommun hadde våpen som vart ugyldige i 1974 då dei vart ein del av den nye Härjedalens kommun. Også Linsells landskommun, som vart slegen saman med Svegs landskommun i 1952, hadde eit våpen.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er åtte tettstader i Härjedalens kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Sveg 2 633
2. Funäsdalen 798
3. Hede 763
4. Ytterhogdal 603
5. Vemdalen 547
5. Ulvkälla 445
7. Lillhärdal 365
8. Norr-Hede 293

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver en framifrån sedd svart räckhammare med röd skaftända, åtföljd till höger av en svart smidestång och till vänster av två stolpvis ordnade och ställda svarta smideshammare med röda skaft, den övre störtad».