Hå gamle prestegard

Koordinatar: 58°40′1.3116″N 5°33′3.0312″E / 58.667031000°N 5.550842000°E / 58.667031000; 5.550842000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°40′1.3116″N 5°33′3.0312″E / 58.667031000°N 5.550842000°E / 58.667031000; 5.550842000

Hovudbygget, tidlegare bustadhus

Hå gamle prestegard er ein tidlegare prestegard, vest for Nærbø i Hå kommune. På 1980-talet vart bygningane restaurert, og dei fekk funksjon som kulturhus. I 1989 vart prestegarden tildelt Fritt Ords honnør for restaurering av eit verdifullt gardstun og for levande kulturarbeid i husa.

Garden ligg heilt ut mot storhavet og er i dag eit kunst- og kultursenter. Her finn ein eit galleri med vekslande kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Det er òg kafeteria og sal av kunst.I kjellaren i jærhuset er det utstilt funn av restar etter 8200 år gamal busetting i området. Langs kyststripa er det eit stort strandgravfelt frå folkevandringstida.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]