Håbrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håbrann

Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: VU Sårbar

Håbrann
Håbrann

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Chondrichthyes
Orden: Lamniformes
Familie: Lamnidae
Slekt: Lamna
Art: L. nasus
Vitskapleg namn
Lamna nasus

Håbrann, (Lamna nasus), er ein stor hai som lever i temperert til kaldt vatn over heile verda. Han er rekna som ein sårbar art, og har vorte foreslått til FNs konvensjon om internasjonal handel med truga artar (CITES).

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Det mest karakteristiske kjennemerket til håbrannen er ein kvit strek som skil ryggfinnen frå sjølve ryggen. Elles er han mørkt blågrå på oversida og kvit på undersida. Håbrannen er tungt bygd og kan nå lengder på 3,7 m med ei vekt på 160-250 kilo.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Håbrannen lever stort sett pelagisk på djupner frå 0-700 m, men ein kan òg stundom treffa på dei ved kysten. Han trivst best i kaldt vatn frå om lag 5 °C til 10 °C, men har vorte funne ned til 1 °C og opp til 23 °C.

Han vert rekna som ein av dei raskaste haiartane, og kan stundom hoppa heilt opp frå vatnet. Dette er det derimot særs sjeldan ein ser. Sidan han er så rask, tek han òg mykje rask fisk, t.d. makrell, og seglfisk. Han tek òg mykje sild.

Håbrannen er ovovivipar, det vil seie at avkommet modnast i egg som ligg inne i kroppen til mora. Yngelen er 60-80 cm lang når ho føder dei levande. Hoa brukar om lag dobbelt så lang tid på å bli kjønnsmogen som hannen.

Status[endre | endre wikiteksten]

Håbrannen brukar lang tid på å bli kjønnsmogen og får berre 1-5 ungar i kullet. Dette gjer han særs sårbar for overfiske. Frå 1960-talet har fangstane gått ned frå over 1000 tonn til om lag 20 tonn i 2002. Det vert tilrådd å ikkje tillata fangst av arten, og handel med finnar frå han er forbode i EU.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]